Bergsøy og straffespark-konkurranse? Tilbake

Bergsøy og straffespark-konkurranse?

🕒 2021-07-13 00:00
🏷️ Fotball

No som vi nettopp har sett England tape ei EM-finale etter straffesparkkonkurranse, lurer kanskje nokon på om Bergsøy har opplevd det same? Svaret er litt spesielt: Det har ikkje skjedd i cupen, men det har skjedd i serien.

Trykk for å gi saka ein tommel opp.

Svaret vil kanskje vere noko merkeleg for mange: Det har nemleg ikkje skjedd i cup, men det har skjedd i serien.

Bergsøy har spelt mange gongar ekstraomgangar i cupsamanheng, men det har aldri gått til straffesparkkonkurranse.

I seriesamanheng derimot var reglane slik i 1987 at uavgjort gav eitt poeng, mens straffesparkkonkurranse skulle avgjere eit ekstra poeng til vinnaren.

Straffesparkkonkurransar i 1987

Fotball

I Norge i 1987 ble seriekamper avgjort på straffer hvis de endte uavgjort etter 90 minutter. Det samme ble prøvd i Ungarn, Jugoslavia og Hongkong, men ordningen ble avskaffet. Mange av lederne var skeptiske. Også trenerne var det, med unntak av Nils Arne Eggen. Han tok det på sin filosofiske måte: Vil du unngå straffesparkkonkurranse, er det bare å score en gang mer enn motstanderen, så slipper du, sa han.

Fire gongar har dermed Bergsøy vore i straffesparkkonkurranse i serien, så vidt historikk.com kjenner til. Det gjekk som følger:

Bergsøy - Volda 1-1 (4-5 etter straffekonkurranse)

I straffesparkkonkurransen scorar Vidar Egset, Kai Slettebakk, Ove Krumsvik og Stig Kalvatn for Volda, medan Bergsøy bommar på sitt tredje og scorar på sitt fjerde straffespark. Så bommar Jens Dankertsen sin straffe for Volda, medan Bergsøy sitt femte går i mål, og dermed er stillinga 4-4.

Det blir eitt og eitt straffespark fram til avgjerda kjem. Veteranen Knut Ertesvåg scorar sikkert, medan junioren Børge Hansen skyt rett på keeper Geir Dale.

Haddal - Bergsøy (5-4 etter straffekonkurranse)

Det står ikkje mykje i kampreferatet om kven som verken stod i mål, scora eller bomma, men det blei ein bom i likheit med kampen mot Volda.

Aksla - Bergsøy 1-1 (4-5 etter straffekonkurranse)

Bergsøy vann straffesparkkonkurransen mot Aksla i 1987

Aksla tok leiinga allereie etter 10 minutt da Runar Johansen headda inn eit frispark som Bergsøykeeper Nick Sandanger var noko passiv på.

Men Sandanger retta opp inntrykket seinare da han redda straffesparket frå Aksla-kaptein Arild Godø i straffesparkkonkurransen.

Nick Sandanger blei altså straffehelten i den einaste straffesparkkonkurransen vi kjenner til der Bergsøy har vunne.

Bergsøy - Mauseidvåg 1-1 (4-5 etter straffekonkurranse)

I denne kampen står Steinar Djupvik i mål for Bergsøy, i sin første heimekamp for klubben. Under straffesparkkonkurransen var stillinga 4-4 da Lars Ove Almestad sette si straffe høgt over, mens Øyvind Sunde scora det avgjerande målet til Mauseidvåg.

Uavgjort etter ekstraomgangar – ikkje straffekonkurranse

Ja, det skjedde ein gong at Bergsøy spelte uavgjort også etter at ekstraomgangane var ferdigspelte, men kampen enda likevel ikkje i straffesparkkonkurranse.

I 1979 spelte nemleg Rollon og Bergsøy 2-2 etter 90 minutt, og kampen enda 3-3 etter ekstraomgangane. Reglane var den gongen at uavgjort etter 120 minutt betydde omkamp.

3-3-kampen var likevel dramatisk nok også utanom måla, ettersom Asbjørn Myklebust fekk slått ut to tenner, samt at Rollon-spelar Roger Furnes braut foten. Både lege, tannlege Aasen og Norsk Folkehjelp måtte i aksjon i ein og same kamp.

Bergsøy og Rollon måtte spele over fire timar fotball før cupoppgjeret blei avgjort

Også i omkampen mot Rollon måtte det ekstraomgangar til. Det måtte altså over fire timar med speling mot Rollon før avgjerda skulle kome like før ekstraomgangane var over.

Kjartan Paulsen sitt skot frå 25 meter fekk ein merkeleg skru og gjekk i mål til 2-1-siger.

Fleire gongar ekstraomgangar

Den første gongen Bergsøy måtte ut i ekstraomgangar var NM 1. runde-kampen i 1971 mot Hødd. Dette var første gong Bergsøy og Hødd møttest i ein obligatorisk serie- eller cupkamp.

Det var faktisk Bergsøy som frå første minutt spelte Hødd trill rundt. BIL var raskare på ballen, spelte teknisk betre fotball og utmanøvrerte Hødd.

Knut Teige blei felt og Jack Pettersen scora på straffespark til 1-0. Otto Sundgot utlikna til 1-1, og Asbjørn Myklebust ordna 2-1 til Bergsøy til pause.

Etter pause scora Kjetil Hasund til 2-2 og redda Hødd til ekstraomgangar.

Bergsøy mot Hødd i NM i 1971

Hødd blei for sterke i ekstraomgangane. To mål av Kjetil Hasund og eitt av Svein Inge Urke gjorde at Hødd vann 5-2 til slutt.

Sidan har Bergsøy vore mange gongar ute i ekstraomgangar under NM-cupkampar, men det har alltid enda med ei avgjerd før straffespark.

Faktisk spelte Bergsøy fire cupkampar på rad i perioden 2015-2017 som alle gjekk til ekstraomgangar, men som blei avgjorde før straffekonkurransen.

Her er ei rask oversikt. Det kan vere vi har gløymt nokon i farta – i tillegg til Rollon x 2 i 1979 og Hødd i 1971:

Trykk for å gi saka ein tommel opp.