Historikk

sq-sample19

Historikk
Historikk.com














Bergsøy og straffespark-konkurranse?

Fotball:
Av Steffen HK


No som vi nettopp har sett England tape ei EM-finale etter straffespark-konkurranse - lurer kanskje nokon på om Bergsøy har opplevd straffesparkkonkurranse?


Svaret vil kanskje være noko merkelig for mange: Det har nemlig ikkje skjedd i cup, men det har skjedd i serien.

Bergsøy har spelt mange gongar ekstraomgangar i cupsammenheng, men det har aldri gått til straffesparkkonkurranse. I seriesammenheng derimot var reglane slik i 1987 at uavgjort gav 1 poeng, mens straffesparkkonkurranse skulle avgjere eit ekstra poeng til vinnaren.

Straffespark-konkurranser i 1987


-"I Norge i 1987 ble seriekamper avgjort på straffer hvis de endte uavgjort etter 90 minutter. Det samme ble prøvd i Ungarn, Jugoslavia og Hongkong, men ordningen ble avskaffet. Mange av lederne var skeptiske. Også trenerne var det, med unntak av Nils Arne Eggen. Han tok det på sin filosofiske måte: Vil du unngå straffesparkkonkurranse, er det bare å score en gang mer enn motstanderen, så slipper du, sa han. "

Fire gongar har dermed Bergsøy vore i straffespark-konkurranse i serien såvidt historikk.com kjenner til. Det gikk som følger:

  • Bergsøy - Volda 1-1 (4-5 etter straffekonk)
    I straffesparkkonkurransa scorar Vidar Egset, Kai Slettebakk, Ove Krumsvik og Stig Kalvatn for Volda medan Bergsøy bommar på sitt tredje og scorar på sitt fjerde straffespark. Så bommer Jens Dankertsen sin straffe for Volda medan Bergsøy sitt femte går imål, og dermed er stillinga 4-4. Det blir eit og eit straffespark fram til avgjerdsla kjem. Veteranen Knut Ertesvåg scorar sikkert, medan junioren Børge Hansen skyt rett på keeper Geir Dale.

  • Haddal - Bergsøy (5-4 etter straffekonk)
    Det står ikkje mykje i kampreferatet om kven som hverken sto imål, scora eller bomma, men det blei ein bom i likhet som mot Volda.

  • Aksla - Bergsøy 1-1 (4-5 etter straffekonk)
    Aksla tok leiinga allereie etter 10 minutt da Runar Johansen headda inn eit frispark som Bergsøykeeper Nick Sandanger var noko passiv på. Men Sandanger retta opp inntrykket seinare da han redda straffesparket frå Aksla-kaptein Arild Godø i straffesparkkonkurransa. Nick Sandanger blei altså straffehelten i den einaste Straffespark-konkurransa vi kjenner til der Bergsøy har vunnet.

  • Bergsøy - Mauseidvåg 1-1 (4-5 etter straffekonk)
    I denne kampen står Steinar Djupvik i mål for Bergsøy, sin første heimekamp for Bergsøy. Under straffesparkkonkurransa var stillinga 4-4 da Lars Ove Almestad satte si straffe høgt over, mens Øyvind Sunde scora det avgjerande målet til Mauseidvåg.

    Uavgjort etter ekstraomgongar - ikkje straffekonk


    Ja, det skjedde ein gong at Bergsøy spelte uavgjort også etter at ekstraomgangane var ferdigspelt, men kampen endte likevel ikkje i straffespark-konkurranse. I 1979 spelte nemlig Rollon og Bergsøy 2-2 etter 90 minutt, og kampen endte 3-3 etter ekstraomgangane. Reglane var den gang at uavgjort etter 120 minutt betydde omkamp.

    3-3 kampen var likevel dramatisk nok også utanom måla ettersom Asbjørn Myklebust fekk slått ut to tenner, samt at Rollonspelar Roger Furnes braut foten. Både lege, tannlege Aasen og Norsk Folkehjelp måtte i aksjon i ein og samme kamp. Også i omkampen mot Rollon måtte det ekstraomgongar til, og det måtte altså over 4 timers speling mot Rollon før avgjerdsla skulle kome like før ekstraomgangane va over. Kjartan Paulsen sitt skudd frå 25 meter fekk ein merkelig skru og gikk imål til 2-1 siger.

    Fleire gongar ekstraomgangar



    Den første gongen Bergsøy måtte ut i ekstraomgangar var NM 1.runde kampen i 1971 mot Hødd. Dette var første gang at Bergsøy og Hødd møttest i en obligatorisk (serie/cup) kamp. Det var faktisk Bergsøy som fra første minutt spilte Hødd trill rundt. BIL var raskere på ballen, spillte teknisk bedre fotball og utmanøvrerte Hødd. Knut Teige blei felt og Jack Pettersen scora på straffepark til 1-0. Otto Sundgot utligna til 1-1, og Asbjørn Myklebust ordna 2-1 til Bergsøy til pause. Etter pause scora Kjetil Hasund til 2-2 og redda Hødd til ekstraomgangar. Hødd blei for sterke i ekstraomgangane. To mål av Kjetil Hasund og eitt av Svein Inge Urke gjorde at Hødd vann 5-2 tilslutt.

    Sidan har Bergsøy vore mange gongar ut i ekstraomgongar under NM-cupkampar, men det har alltid endt i avgjerdsle før straffespark. Faktisk spelte Bergsøy i fire cupkampar på rad i perioden 2015-2017 som alle gikk til ekstraomgangar, men som blei avgjort før straffekonken. Her er ei rask oversikt, det kan være vi har gløymt nokon i farta (I tillegg til Rollon x 2 i 1979 og Hødd i 1971)

  • 1989: Ellingsøy - Bergsøy 1-1 etter ordinærtid. Henning Solem avgjorde til 2-1 etter 96 minutter.
  • 1999: Åram - Bergsøy 2-2 etter ordinær tid. 4-3 etter ekstraomganger.
  • 2002: VRF - Bergsøy 1-1 etter ordinær tid. 2-1 etter ekstraomganger.
  • 2015: Spjelkavik - Bergsøy 1-1 etter ordinær tid, 3-1 etter ekstraomgangar.
  • 2016: Volda - Bergsøy 2-2 etter ordinær tid. 5-2 etter ekstraomganger.
  • 2017: Langevåg - Bergsøy 3-3 etter ordinær tid. Franjo avgjorde til 4-5 etter ekstraomganger
  • 2017: Volda - Bergsøy 4-4 etter ordinærtid. 5-4 etter ekstraomganger.

  • FOTBALL: HERRER









    Excel-FIL: Bergsøy Seriemål

    Ekstern Link fotball.no


    FOTBALL: DAMER




    Ekstern Link fotball.no


    HANDBALL: HERRER




    Ekstern Link handball.no


    HANDBALL: DAMER




    Ekstern Link handball.no


    friidrett










    Oversikt