Oversikt over Bergsøy sine hattrick-heltar.
Sjå oppdatert hattrick-statistikk →
Vi tek ein nærmare titt på Bergsøy sine hattrickheltar opp gjennom tidene.
76 gongar har ein Bergsøyspelar gått av fotballbana med 3 mål eller meir i løpet av dei 1382 obligatoriske kampane (serie/cup) laget har spelt mellom 1952 og 2021.
Det tilsvarer at det finst ein Bergsøy-hattrickhelt i ca. 5 prosent av kampane, som også betyr at det i snitt blir spelt rundt 70 kampar mellom kvar gong Bergsøy har ein hattrickhelt. At det skjer så sjeldan, gir målscoraren ei god kjensle av å ha oppnådd noko utanom det vanlege.
33 forskjellige spelarar har opplevd å score 3 mål eller meir for A-laget til Bergsøy.
ANTAL
33 A-spelarar har scora 3 mål eller meir i ein obligatorisk Bergsøykamp.
Dei 33 spelarane har prestert 76 gongar å score hattrick eller meir i ein kamp.
FØRST OG SIST
Dei to første Bergsøy-hattricka vi har registrert er Petter Sperre sine 3 mål og Sverre Botn sine 4 mål i 9-0-kampen mot Sæbø i 1957.
Den siste stod Franjo Tepuric for i 3-0-kampen mot Emblem i 2021.
I 2021-sesongen hadde det allereie skjedd ein gong på Bergsøy Stadion, idet Franjo Tepuric scora 3 mål mot Emblem i 3-0-sigeren.
Bergsøykampar har enda 3-0 over 40 gongar, omtrent halvparten fordelt mellom 3-0-siger og 3-0-tap, men dette var berre den andre gongen at ein og same Bergsøyspelar scora hattrick i ein 3-0-siger.
Sist det skjedde var i 1980 da Bergsøy vann 3-0 mot Sandane etter hattrick av Fred Frantzen.
Det var derimot fjerde gong storscoraren Franjo hadde scora hattrick for Bergsøy. Han gjorde det også mot Volda i 2018, mot Rollon i 2017 og mot Florø2 i 2016.
Dei største hattrickheltane
Det er ingen tvil om at det er to spelarar i Bergsøyhistoria som peikar seg spesielt ut som hattrickheltar.
Frank Sverre Skorpen har scora 3 mål eller meir i 16 kampar, mens Fred Frantzen har gjort dette 12 gongar.
Ingen har scora fleire hattrick i løpet av ein sesong enn dei fire Frank Sverre presterte i 2009-sesongen, ein sesong som enda med jubel og opprykk.
Kretsmeisterskapet blei sikra i sesongens siste kamp borte mot Blindheim, blant anna etter eit hattrick av Frank Sverre.
Fred og Frank
Med sine 28 hattrick til saman står Fred Frantzen og Frank Sverre Skorpen for ca. 37 prosent av alle Bergsøy-hattrick vi har registrert i perioden 1952–2021.
Fleire enn 3
9 spelarar har prestert å score 4 mål i ein kamp:
Frank Sverre Skorpen, Fred Frantzen, Kolbjørn Wickstrøm, Anders Vaagen, Jarle Gunnarstein, Endre Tjervåg, Sverre Botn, Preben Hestad og Asbjørn Myklebust.
Dei tre førstnemnde har til og med prestert å score 5 mål i ein og same kamp. Frank Sverre Skorpen har også rekorden med 4 hattrick på ein sesong i 2009.
Ein slik sesongavslutning står kanskje litt i kontrast til det einaste hattricket Preben Hestad har i Bergsøykarrieren. Han scora nemleg 4 mål i sesongavslutninga i 2006 heime mot Hareid, men Bergsøy gjekk likevel ned til 4. divisjon den gongen.
Bismak fekk også Per Ståle Nykrem etter sitt hattrick mot Ålesund 2 i 2001. Han var på løp i jakt på sitt fjerde mål i Huldalen da han blei takla bakfrå og braut beinet, og måtte hentast av ambulanse.
Det var i 2021 ti år sidan sist Frank Sverre Skorpen scora hattrick for Bergsøy A-lag, 18. juni 2011. Hans siste av 16 hattrick var også kampen der han scora 5 mål.
Frank Sverre Skorpen: 5 mål – Bergsøy - Surnadal 9-2 (2011)
Fred Frantzen: 5 mål – Aksla - Bergsøy 3-6 (1975)
Kolbjørn Wickstrøm: 5 mål – Bergsøy - Hareid 6-0 (1960)
Sverre Botn og Petter Sperre er dei første spelarane i Bergsøyhistoria vi har registrert hattrick på. Begge scora nemleg mange mål mot Sæbø – Sverre Botn 4 og Petter Sperre 3 – i ein 9-0-siger i 1957. Det artige med den kampen var at stillinga var 0-0 til pause.
På denne tida var det ikkje vanleg å notere ned målscorarar anna enn dersom nokon utmerka seg spesielt, slik Kolbjørn Wickstrøm gjorde da han scora 5 mål mot Hareid i 1960. I 1950-åra kan det dermed vere fleire hattrick vi ikkje har registrert på grunn av manglande informasjon om målscorarane.
Den raskaste hattricken?
Når det gjeld kven som har tidenes raskaste Bergsøy-hattrick har vi ikkje heilt kontroll, men det er rimeleg å tru at desse to vil vere høgt oppe på lista:
Heiderleg omtale: Frank Sverre Skorpen brukte 21 minutt mot Åram i 2008, mens Fred Frantzen brukte 25 minutt mot Aksla i 1975.
Oversikt over hattrickheltane