Publisert 08.09.2021
Vi tek ein nærmare titt på Bergsøy sine hattrickheltar opp gjennom tidene.
76 gangar har ein Bergsøyspelar gått av fotballbana med 3 mål eller meir i løpet av dei 1382 obligatoriske kampane (serie/cup) laget har spelt mellom 1952-2021.
Det tilsvarer at det finnes en Bergsøy hattrickhelt i ca 5% av kampane, som også betyr at det spelast i snitt rundt 70 kampar mellom hver gang Bergsøy har ein hattrickhelt.
At det skjer så sjeldent, gir målscoraren ein god følelse av å ha oppnådd noko utenom det vanlige.
33 forskjellige spelarar har opplevd å score 3 mål eller meir for A-laget til Bergsøy.
ANTALL
33 A-spelarar har scora 3 mål eller meir i en obligatorisk Bergsøykamp.
Dei 33 spelarane har prestert 76 gangar å score hattrick eller meir i en kamp.
FØRST OG SIST
Dei to første Bergsøyhattrick vi har registrert er Petter Sperre sine 3 mål, og Sverre Botn sine 4 mål i 9-0 kampen mot Sæbø i 1957.
Den siste sto Franjo Tepuric for i 3-0 kampen mot Emblem i 2021.
I årets 2021 sesong har det allereie skjedd ein gong på Bergsøy Stadion idet Franjo Tepuric scora 3 mål mot
Emblem i 3-0 sigeren.
Bergsøykampar har endt 3-0 over 40 gangar, og omtrent halvparten likt fordelt med 3-0 siger og 3-0 tap - men dette var bare den andre gangen at ein og samme Bergsøyspelar scora hattrick i ein 3-0 siger.
Sist det skjedde var i 1980 da
Bergsøy vann 3-0 mot Sandane etter hattrick av Fred Frantzen.
Det var derimot fjerde gang at storscoraren Franjo har scora hattrick for Bergsøy, han gjorde det også i
2018 mot Volda,
2017 mot Rollon, og i
2016 mot Florø2.
Dei største hattrickheltane:
Det er imidlertid ingen tvil om at det er to spelarar i Bergsøyhistorien som utpeikar seg som hattrick-heltar.
Frank Sverre Skorpen har scora 3 mål eller meir i 16 kampar, mens
Fred Frantzen har gjort dette 12 ganger.
Ingen har scora fleire hattrick under ein sesong enn dei fire som Frank Sverre presterte i 2009 sesongen, ein sesong som endte med jubel og opprykk.
Kretsmesterskapet blei sikra i sesongens siste kamp
borte mot Blindheim, blant anna etter ein hattrick av Frank Sverre.
Fred og Frank
Med sine 28 hattrick tilsammen står Fred Frantzen og Frank Sverre Skorpen for ca 37% av alle Bergsøyhattrickar vi har registrert i perioden 1952-2021.
Flere enn 3
9 spelarar har prestert å score 4 mål i ein kamp:
Frank Sverre Skorpen, Fred Frantzen, Kolbjørn Wickstrøm, Anders Vaagen, Jarle Gunnarstein,
Endre Tjervåg, Sverre Botn, Preben Hestad og Asbjørn Myklebust.
Dei tre førstnemnde har tilogmed prestert å score 5 mål i ein og samme kamp. Frank Sverre Skorpen har også rekorden med 4 hattrick på ein sesong (2009).
Ein slik sesongavsluttnnig står kanskje litt i kontrast til den einaste Hattricken Preben Hestad har i si Bergsøykarriære. Han scora nemlig 4 mål i sesongavslutninga i 2006 heime mot Hareid, men Bergsøy gikk likevel ned til 4.divisjon den gang.
Bismak fekk også Per Ståle Nykrem etter sin
hattrick mot Ålesund2 i 2001. Han var på løp i jakt på sitt fjerde mål i Huldalen da han blei tackla bakfrå og braut beinet, og måtte hentast av ambulanse.
Det er iår 10 år sidan sist Frank Sverre Skorpen scora Hattrick for Bergsøy A-lag, 18.juni i 2011. Hans siste av 16 hattrick var også den kampen han scora 5 mål i ein og samme kamp.
Frank Sverre Skorpen: 5 mål
Bergsøy - Surnadal 9-2 (2011)
Fred Frantzen: 5 mål
Aksla - Bergsøy 3-6 (1975)
Kolbjørn Wickstrøm: 5 mål
Bergsøy - Hareid 6-0 (1960)
Sverre Botn og Petter Sperre er dei første spelarane i vår Bergsøyhistorie vi har registrert hattrick på.
Begge scora nemlig
mange mål mot Sæbø (Sverre Botn 4, Petter Sperre 3) og i en 9-0 siger i 1957. Det artige med den kampen var at stillinga var 0-0 til pause.
Denne tida var det ikkje vanlig å notere ned målscorarar anna enn viss nokon utmerka seg spessielt, slik som Kolbjørn Wickstrøm gjorde da han scora 5 mål mot Hareid i 1960. I 1950 åra kan det dermed være fleire hattrickar vi ikkje har registrert grunna mangel på nednoterte målscorerar.
(Bilde fra kampen Aksla - Bergsøy i 1975 der Fred Frantzen scora 5 mål
Den raskaste hattricken? :
Når det gjeld kven som har tidenes raskeste Bergsøyhattricker har vi ikkje heilt kontroll, men det er rimelig å tru at desse to vil være høgt oppe på lista:
1. Anders Vaagen brukte 8 minutt på å score hattrick mot Hødd2 i 2004 (32-40 min)
2. Sander Ulfstein brukte 13 minutt på å score hattrick mot Langevåg i 2017 (31-44 min)
Hederlig omtale:
Frank Sverre Skorpen brukte 21 minutt mot Åram i 2008, mens
Fred Frantzen brukte 25 min mot Aksla 1975.
Oversikt over Hattrickheltane:
Oversikt Hattrick
Antall hattrick |
Spelar |
Hattrick mot |
16 |
Frank Sverre Skorpen |
Surnadal (2011),
Ørskog (2009),
Åram (2008),
Elnesvåg (2011),
Sunnylven (2009),
Vartdal (2009),
Åram (2009),
Blindheim (2009),
Ørsta (2008),
Ha/No (2007),
Ålesund2 (2003),
Ha/No (2002),
Hareid (2002),
Volda (2001),
Hovdebygda (2001),
Volda (2000) |
12 |
Fred Frantzen |
VRF (1985),
Jotun (1984),
Ørsta (1983),
Eid (1982),
Sverre (1980),
Sandane (1980),
Ørsta (1976),
Aksla (1975),
Ellingsøy (1974),
Langevåg (1974),
Ørsta (1974),
VRF (1973) |
5 |
Asbjørn Myklebust |
Stranda (1969),
Brattvåg (1968),
Eid (1969),
Valder (1967),
Sykkylven (1966) |
4 |
Franjo Tepuric |
Emblem (2021),
Volda (2018),
Rollon (2017), Florø2 (2016) |
3 |
Kjartan Fagerlund |
Stranda (1969),
Eid (1969), Brattvåg (1968) |
3 |
Sverre Botn |
Sykkylven (1966), Emblem (1964),
Sæbø (1957) |
2 |
Anders Vaagen |
Spjelkavik (2004), Hødd2 (2004) |
2 |
Mats Inge Teige |
Åram (2009), Åram (2008) |
2 |
Sigmund Paulsen |
Stranda (1965),
Brattvåg (1965) |
2 |
Per Eide |
Emblem (1963),
Hovdebygda (1963) |
2 |
Knut Teige |
Herd (1978), VRF (1972) |
2 |
Arild Kvalsund |
Ha/No (2000), Hovdebygda (1995) |
1 |
Daniel Kvalsvik |
Hareid (2017) |
1 |
Martin Røren |
Norborg (2017) |
1 |
Sander Ulstein |
Langevåg (2017) |
1 |
Jordan Blinco |
Surnadal (2016) |
1 |
Preben Hestad |
Hareid (2006) |
1 |
Steffen Kvalsund |
Ålesund2 (2004) |
1 |
Per Ståle Nykrem |
Ålesund2 (2001) |
1 |
Oddmund Vaagsholm |
Brattvåg (1999) |
1 |
Jarl Åge Vågsholm |
Skodje (1999) |
1 |
Lasse Myrhol |
Spjelkavik (1997) |
1 |
Endre Tjervåg |
Vigra (1992) |
1 |
Tony Pettersen |
VRF (1985) |
1 |
Jarle Gunnarstein |
VRF (1985) |
1 |
Nils Roger Paulsen |
Brattvåg (1985) |
1 |
Frode Wilhelmsen |
Ny Krohnborg (1984) |
1 |
Trond Paulsen |
Tromsø (1981) |
1 |
Svein Inge Urke |
Herd (1977) |
1 |
Sveinung Frøystad |
Åndalsnes (1976) |
1 |
Jostein Myklebust |
Måløy (1970) |
1 |
Kolbjørn Wickstrøm |
Hareid (1960) |
1 |
Petter Sperre |
Sæbø (1957) |
Endre Tjervåg scorar 4 mål mot Vigra i 1992